Illustrasjonsfoto: AdobeStock

Endringar i krava til innhald i arbeidsavtalen

Frå 1. juli 2024 vart det gjort endringar i arbeidsmiljølova i høve kva krav som vert stilt til kva ei arbeidsavtale skal innehalde. Endringane skal bidra til å sikre arbeidstakarane meir påreknelege og trygge arbeidsforhold. Dette betyr blant anna at arbeidsavtalen skal innehalde fleire opplysingar enn før.

1. Nytt arbeidsforhold

Ved arbeidsforhold som varer lenger enn éin månad skal skriftleg arbeidsavtale føreligge snarast mogleg, og seinast innan ei veke. Før måtte denne føreligge seinast innan ein månad.

Det er også nytt at dersom arbeidsavtalen ikkje opplyser om at arbeidsforholdet er midlertidig, så skal det leggast til grunn at arbeidstakar har fast tilsetjing dersom ikkje anna vert gjort overvegande sannsynleg.

2. Prøvetid

Dersom tilsetjingsforholdet er mellombels kan prøvetida ikkje lenger overstige halvparten av tida tilsetjingsforholdet skal vare.  

Vidare er det nytt at det heller ikkje kan avtalast ny prøvetid dersom arbeidstakar skal halde fram i same stilling, eller i ei stilling som i det vesentlege er likearta den stillinga arbeidstakaren har hatt i den same verksemda. Ved fast tilsetjing kan ny prøvetid likevel bli avtalt dersom den tidlegare tilsetjingstida og ny prøvetid samla ikkje overstig seks månader.

3. Arbeidsstad

Dersom det er mangel på fast arbeidsstad eller hovudarbeidsstad, og arbeidstakar fritt kan bestemme kvar arbeidsplassen skal vere, så er det etter lovendringa no krav om at dette skal framgå eksplisitt i arbeidsavtalen.

4. Retten på feriepengar og eventuelt anna betalt fråvær

Nytt er det også at det no er krav om at arbeidsavtalen skal innehalde informasjon om, eller vedlegg med informasjon, om arbeidstakaren sin rett på feriepengar, reglane for fastsetjng av ferietidspunkt og anna eventuell rett til fråvær som er betalt av arbeidsgjevar.

5. Løn og ulike lønselement

I arbeidsavtalen skal den avtalte løna alltid framgå. No er det også krav om at dei ulike lønselementa som utgjer løna skal angjevast særskild. Dette vil blant anna vere naturalytingar, overtidsbetaling, bonusar og/eller andre ytingar som arbeidstakaren mottek direkte eller indirekte for arbeidet sitt.

Dersom bonus og provisjon er regulert i tariffavtale/særavtale, så vil det vere tilstrekkeleg at arbeidskontrakta viser til tariffavtalen.

6. Arbeidstid

Dersom den daglege eller vekentlege arbeidstida vil variere, skal det opplysast konkret om dette i arbeidsavtalen.

Ordningar for vaktendringar og ordningar for arbeid utover avtalt arbeidstid, og betalinga for det, skal opplysast om i arbeidskontrakta. Dette gjeld både meirarbeid og overtidsarbeid. Her er det tilstrekkeleg at arbeidsavtalen henviser til lovar, forskrifter eller tariffavtaler som regulerer desse forholda.

7. Innleige

Dersom arbeidstakar vert leigd ut frå eit bemanningsbyrå, så skal innleigar sin identitet framgå i arbeidsavtalen. Opplysninga skal bli gitt så snart ideniteteten til innleigar er kjend, og det er tilstrekkeleg at opplysinga vert given gjennom vedlegg eller andre tilleggsdokument.

8. Kompetanseutvikling

Opplysingar om rett til kompetanseutvikling som arbeidsgjevar eventuelt tilbyr skal framgå i arbeidsavtalen. Det er tilstrekkeleg å henvise til lovar, forskrifter eller tariffavtaler som regulerer desse forholda, eller at det står i eit vedlegg.

9. Ytingar til sosial tryggleik i regi av arbeidsgjevar

Arbeidsavtalen skal innehalde opplysingar om ytingar til sosial tryggleik som vert ytt i regi av arbeidsgjevar, samt namn på institusjonar som tek imot innbetalingar frå arbeidsgjevar i denne samanheng. Slike ytingar kan til dømes vere der arbeidsgjevar finansierer differansen mellom ytingane frå folketrygda og arbeidstakar si løn under foreldrepermisjon og sjukdom.

10. Arbeidstakar som sendast til utlandet

Der arbeidstakar vert sendt til utlandet i meir enn fire veker er lista over vilkåra som regulerer dette blitt utvida.

11. Endringar i arbeidsforholdet

Endringar i arbeidsforholdet skal takast inn i arbeidsavtalen tidlegast mogleg, og seinast den dagen endringa trer i kraft. Før var dette kravet innan ein månad.

12. Opphøyr av arbeidsforholdet

Arbeidsavtalen skal innehalde opplysingar om oppseiingsfristen og framgangsmåten til arbeidstakar og arbeidsgjevar ved opphøyr av arbeidsforholdet. Dette inkluderer blant anna kravet til drøftingsmøte etter aml. § 15-1 og formkrav. Det er tilstrekkeleg å henvise til lovverket i kontrakta.

Det er ikkje krav om å oppdatere eller supplere allereie eksisterande arbeidsavtaler etter lovendringa. Dersom arbeidstakar ynskjer å supplere den skriftlege arbeidskontrakta si med endringane må ein be arbeidsgjevar om det. Arbeidsgjevar skal etterkomme ei slik oppmoding tidlegast mogleg og seinast to månader etter at den er motteken.

..................

Tekst: Tonje Eikås Nygård, advokatfullmektig i Negotias arbeidslivsavdeling

Hei, jeg heter Nora. Hva kan jeg hjelpe med?
Personvernerklæring Informasjonskapsler Endre dine samtykker